Voss Sparebank støttar IL Eldar
 
IL Eldar er idrettslaget til bygda Vossestrand, i Voss Kommune.
Laget vart stifta i 1949, og har vore eit allsidig idrettslag opp gjennom åra.
 
Det er fleire ulike anlegg rundt i dei 4 skulekrinsane på Vossestrand.
I Myrkdalen er Årmotslia skisenter og Nyestølen hoppbakke.
På Oppheim er Framnesbakkane brukt til hopp både vinter og sommar og der er det også tennisbane.
I Haugsvik finn ein eit nærmiljøanlegg med ljosløype og ballplass.
På  Sundve er det idrettsplass og ballbinge.
I tillegg leiger idrettslaget eit buldreloft  i Holbygda.
 
Laget har 4 undergrupper: 
FOTBALL - SKI - HOPP - AKTIVITET
 
 - I KOLONNENE UNDER FINN DU SISTE NYTT FRÅ IDRETTSLAGET -


ELDAR CUP langrenn sesongen 2012
Her finn du datoane for vinteren sine Eldar cup/Telenor cup i langrenn
HOPPTRENING - oppstart 24. november 2011
Hoppgruppa startar opp att med hopptrening torsdagar kl. 18 - 19:30.
ÅRSMELDING 2010
ÅRSMELDING 2010 HOVUDSTYRET IL ELDAR
MEDLEMSFORDELAR IL ELDAR
Som medlem i IL Eldar får du rabatt hjå Myrkdalen Fjellheisar. Du får også gode rabattar i sportsbutikkane Sporten Voss AS i Amfi kjøpesenter og hjå S.Endeve Sport AS i voss sentrum.
ALPIN TRENING

ALPIN TRENING I MYRKDALEN

Treningane for årets sesong byrjar ONSDAG 4. JANUAR 2012

kl. 18-19:30

Les meir..

SKI NM 2012
Har du lyst å vera med som funskjonær under ski NM eller kanskje delta og hjelpa til med alle førebuingane til NM ?
Ta kontakt på post@eldar.no eller meld di interesse til dugnad på http://www.skivoss.no/
GRASROTANDELEN
Tenk deg at du kan spela favorittspela dine -  Lotto, Tipping og Joker og samstundes støtta laget ditt. Me snakkar om Grasrotandelen. Me oppmodar deg til å støtta oss i IL ELDAR !