Diskgolf
På Framnes har me etablert ei diskgolfbane som ein del av nærmiljøanlegget. Bana går i området rundt hoppbakkane og skileikanlegget, og er open for alle.
Bana er framleis under utvikling. Ho har i dag sju korger, og me ynskjer etter kvart å utvida og vidareutvikla løypa. Bana vart etablert i 2026 med støtte frå Hardangerstiftinga.
Diskgolf er ei eiga idrettsgrein i Eldar, og klubben er medlem i Norges Amerikanske Idretters Forbund (NAIF).
Kva er diskgolf?
Diskgolf fungerer mykje på same måte som vanleg golf, men i staden for ball og kølle brukar ein ein frisbee-liknande disk. Målet er å kasta disken frå utkastfeltet og fram til ei metallkorg på færrast mogleg kast.
Alle kan spela, og du treng lite utstyr for å koma i gang.
Om bana
Framnesbakkane er ei variert bane i terrenget rundt skianlegget.
Det kan vera både kratt og våte parti utanfor dei naturlege spelelinjene, så hald gjerne litt kontroll på disken.
Bana er gratis å bruka. Dei som ynskjer å støtta vidare utvikling og vedlikehald, kan gjera det på Vipps #126284.
Vis omsyn til andre som brukar området, og ikkje klatr i sjølve hoppbakkane.
Finn bana og registrer runden
Bana ligg registrert som Framnesbakkane i UDisc. Der finn du banekart, oversikt over hola og kan føra poeng undervegs.
Har du spørsmål om bana eller ynskjer å bidra med utviklinga, ta kontakt.
Kontakt
Leiar - Isak Hommedal
[email protected] | 918 76 590