Herrelaget jaktar på nye spelarar
Forfatter: Isak Hommedal
02. januar 2026
Herrelaget satsar vidare, men ynskjer fleire spelarar
Dei fleste brikkene byrjar å kome på plass og 2026 vert tredje sesong på rad Eldar stiller lag i 7.divisjon. Det meste rundt laget vert slik som tidlegare. Gaute Almeland vert hovudtrenar og Henning Gjerald held fram som assistenttrenar og fysisk trenar. Britt Ragnhild Gjerald vert kontaktperson, medan Sander Nåsen Neteland vert SoMe ansvarleg.
Spelargruppa er nokså uendra, men me såg utover hausten at me vart litt for få. Særskilt vart det merkbart når me fekk nokre skadar på eit par av nøkkelspelarane. Difor ynskjer me å rekruttere nokre fleire for å sikre at me har eit slagkraftig mannskap heile sesongen, samt sørge for at Sveinung av og til kan få litt selskap på benken.
Hovudfokuset vårt er trivsel, samtidig som me ynskjer å utvikle både laget og enkeltspelaren. Både spel- og poengmessig har me forbetra oss kvar sesong, men me har diverre mangla det siste ekstra i mange kampar for å bikke tap over til siger. Kanskje er det du som har dette ekstra?
Dette forventar me av deg:
Trening to gonger i veka i perioden januar - oktober (Oppstart i slutten av januar)
Stiller på 15-20 kampar (Bortekampane er stort sett i Bergen)
Betalt medlemsskap i Eldar (200kr) og treningsavgift (1800kr)
Over 14 år.
Har lest sportsplanen (ligg vedlagt).
Stiller spørsmål om du lurar på noko.
Om du ikkje ynskjer/klarar å stille opp så ofte som forventa, så ynskjer me også etablere ein liten "pool" med bonusspelarar. Dette er spelarar som ynskjer å vera med på treningar når dei kan og bidreg på kampar når me manglar spelarar.
Høyrest dette spennande ut, ta kontakt med Gaute Almeland (Tlf 479 59 3499 eller kaptein Adrian Mala Kvåle (Tlf 458 45 217), eller kven som helst andre i laget.