Kontakt
Gratis sesongkort til born og unge i Eldar
Forfatter: Isak Hommedal
17. november 2026
Skigruppa

Også vinteren 2026/27 får elevar ved Vossestrand barne- og ungdomsskule som er medlemer i Eldar IL, gratis sesongkort i Myrkdalen.
Slik bestiller du sesongkort:
Informasjon om bestilling og rabattkode vert distribuert gjennom skulen. Rabattkoden skal ikkje delast vidare.
Sesongkortet vert bestilt på myrkdalen.no der ein legg inn rabattkoden og følgjer rettleiinga.
Har du Keycard frå før, kan dette fyllast opp og nyttast vidare. Ved bestilling av nytt keycard kan sesongkortet hentast ut i automat med QR-kode.
Me takkar Myrkdalen Fjellheisar for at dei vidarefører dette flotte tilbodet til born og unge på Vossestrand!