[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Eldar

Inspirasjonskveld for barmarkstrening

Forfatter: Isak Hommedal

14. oktober 2026

Skigruppa
News article image

Inspirasjonskveld for barmarkstrening hjå Bjørgum IL

Eldar IL har fått invitasjon frå Bjørgum IL til ein inspirasjonskveld for barmarkstrening måndag 19. oktober kl. 18.00–19.00 på Bjørgum idrettsplass.

Klubbutviklar Anne Lise Leiren Mastervik frå Hordaland skikrets kjem for å visa fram kjekke og lærerike øvingar som me kan bruka på trening med borna.

Samlinga er berre for vaksne, og passar for både foreldre og trenarar som ynskjer inspirasjon til aktivitetar for born. Ta gjerne på treningskle, då deltakarane sjølve skal få prøva ut øvingane.

Vil du vera med?

Gje beskjed til Karina Tveite på telefon 482 47 342 innan sundag 18. oktober.

Me håpar fleire frå Eldar IL har lyst til å delta!

"