[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Bli med på allidrett!

Forfatter: Isak Hommedal

23. oktober 2025

Allidrett
News article image

Bli med på allidrett!

Allidrettsgruppa startar opp igjen 3.November. I år vert det tilbod for førskuleborn, 1 og 2 klasse, samt 3 og 4 klasse. I tillegg startar me opp eit heilt nytt tilbod for 3 og 4 åringar, dei har fått treningstid på sundag og fyrste økt vert 2.november. 

Kva er eigentleg allidrett?

Allidrett er eit variert aktivitetstilbod, der borna får prøve ulike idrettar og aktivitetar. Varierte og allsidige aktivitetar gjev barna eit godt utgangspunkt for å kunne delta i fleire idrettar seinare, og stimulere dei fysisk, motorisk, sosialt og mentalt.

Trenarar:

I år får med oss tvillingane Ingrid og Marit Knapstad Tveite som faste trenarar for gruppene som trenar på måndagar. Dei vil setje saman varierte treningar, med hovudfokus på kjekke og gode økter tilpassa aldersgruppa. Nytt av året er at me også startar opp med treningar for dei som er født i 2021 og 2022. Trenar for dei vert Anja Klingen.

Treningstider:

Alle øktene blir i gymsal på Vossestrand Barne- og Ungdomsskule.

Born fødd i 2021/2022

Sundagar: 10:00 – 11:00. Fyrste trening 2.November.

Trenar: Anja Klingen

Kontaktperson: Anja Klingen Tlf: 991 03 265

NB! Føresett må vera tilstade på treningane.

 

Førskuleborn:

Måndagar: 16:30 – 17:30. Fyrste trening 3.November

Trenarar: Ingrid og Marit Knapstad Tveite

Kontaktperson: Monica Seim Bidne Tlf: 991 55 423

NB! Føresett må vera tilstades på treningane.

 

1 og 2. klasse:

Treningstid måndagar 17:30 - 18:30. Fyrste trening 3.November

Trenarar: Ingrid og Marit Knapstad Tveite

Kontaktperson: Gina Ure Søtvik Tlf: 415 07 991

 

3 og 4.klasse:

Treningstid måndagar 1830-1930. Fyrste trening 3.November

Trenarar: Ingrid og Marit Knapstad Tveite

Kontaktperson: Lisbeth Hirth Tlf: 951 17 624

 

Spond:

All informasjon om treningar og slikt finn du på Spond-gruppa til allidrett. Last ned appen på telefon. Gruppekode er: UYZTM

Det vert ei felles Spond-gruppe, med undergruppe for kvar aldersgruppe. Fellesbeskjedar vert delt i hovudgruppa.

Treningsavgift og medlemsskap:

Både ungar og føresette må vera medlem i Eldar IL for å delta på våre aktivitetar. Det kostar 400kr for familiemedlemsskap og de kan melde dykk inn her: https://medlemskap.nif.no/25331 Hugs å legge til alle i husstanden!

Gruppestyret har i år vedteke ei treningsavgift på 200kr. Faktura for dette blir sendt ut i MinIdrett og på mail.

 

Me gler oss til å kome i gang og håpar mange vert med på kjekke treningar i gymsalen på Sundve. Vel møtt!