[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt oss

Aktivitetsdag på Vikafjellet 30/5

Forfatter: Isak Hommedal

21. mai 2026

Skigruppa
News article image

Snørugby, skihopp, randonee og skileik på Vikafjellet

Akkurat som i fjor inviterer Eldar IL til aktivitetsdag på Vikafjellet med snørugby, skihopp, randonee, skileik og langrenn.

Me lagar til snørugbybane, skihopp og skileikområde rett attmed grensa mellom Voss og Vik, og ønskjer born, ungdom og vaksne velkomne til ein sosial og aktiv dag på fjellet.

Nytt av året er randonee. Me lagar til ei enkel og lita løype der alle som har lyst kan få prøva sporten i trygge og lågterskel rammer. Me kjem til å ha randoneeski til utlån. 

Ta med ski og/eller sko du kan springa i, og prøv dei aktivitetane du har lyst til å vera med på. Arrangementet passar for alle aldrar og alle ferdigheitsnivå.

Utover dagen vert det også uhøgtidelege konkurransar i fleire av aktivitetane.

Praktisk informasjon

Oppstart: Laurdag 30/5 klokka 11.00

Premieutdeling: rundt klokka 14.00

Ta med eiga niste

Arrangementet er gratis

Me er høgt til fjells, så arrangementet er avhengig av nokolunde bra vêr for å kunna gjennomførast.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Eldar IL, Hordaland Skikrets og Vik IL.