[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt oss

Ny djuprensmaskin

Forfatter: Isak Hommedal

09. juni 2026

Administrasjon
News article image

Me har kjøpt inn ei brukt vedlikehaldsmaskin til Seimen-bana. Maskina vil gjere det mogleg å utføre djuprens og vedlikehald av bana i eigen regi, noko som vil bidra til betre speleeigenskapar, lengre levetid på kunstgraset og reduserte vedlikehaldskostnader. Investeringa er delvis finansiert med ei gåve på 50 000 kroner frå Hardangerstiftinga, noko me er svært takksame for.

Den nye maskina reinsar gummigranulatet, fjernar støv og organisk materiale og bidreg til betre drenering og ein jamnare speleflate. Dette vil kome både organisert og uorganisert aktivitet til gode gjennom heile året.

Me vil rette ein stor takk til Hardangerstiftinga for den viktige støtta, og ser fram til å ta den nye maskina i bruk slik at me kan halde kunstgrasbana i best mogleg stand i mange år framover.

Custom image