[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt oss

Byggestart for klubbhuset

Forfatter: Isak Hommedal

02. juni 2026

Hovudstyret
News article image

Bygging av nytt klubbhus er starta!

Etter fleire år med planlegging, søknadsarbeid og finansiering av vårt nye klubbhus på Sundve er det frykteleg moro å sjå at arbeidet no kjem i gang. Denne veka byrjar Seimen å rigga seg til og etter kvart kjem dei å rive brakka og byrje på tomtearbeidet. Me gler oss til å sjå framdrifta og ikkje minst gler me oss til me kan klubbhuset i bruk. Me ynskjer nok ein gong å takke våre to største støttespelarar Voss Sparebank og Seimen AS for bidraga. Dette hadde me ikkje fått til utan dykkar!

Me ynskjer også å takke alle privatpersonar som har støtta Spleisen me hadde for ei tid tilbake. Dette er framleis ei stor investering for idrettslaget, så om nokon har anledning til å støtte oss meir så har me starta ein ny spleis. Pengane som kjem inn her kjem til å gå til innkjøp av utstyr og inventar til klubbuset. Spleisen finn du her: https://www.spleis.no/project/500479

Litt praktisk informasjon: Me ber om at ungar og vaksne held seg vekke frå anleggsområdet så lenge det pågår. Det er også viktig at ein ikkje parkerer slik at ein blokkerer tilgangen til området. Dette er for dykkar eiga tryggleik og for å sikre best mogleg arbeidsforhold 

No skjer det! Heia Eldar!