[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Eldar vedtek bygging av klubbhus, milliongåve frå Voss Sparebank avgjerande

Forfatter: Isak Hommedal

09. oktober 2025

Hovudstyret
News article image

Eldar vedtek bygging av klubbhus, milliongåve frå Voss Sparebank avgjerande

Omframt årsmøte vart gjennomført 1.10. i Sambygg og bygging av nytt klubbhus på Sundve stod på sakslista. Dette er eit stort og kostbart prosjekt for eit frivillig lag å setje i gang, men like fullt er det eit stort behov for laget generelt, og fotballgruppa spesielt. Me treng eit skikkeleg klubblokale på Sundve.

Heldigvis har me gode støttespelarar som bidreg til å gjera det umoglege mogleg. Våre to hovudsponsorar, Voss Sparebank og Seimen AS har verkeleg stilt opp for oss her. Voss Sparebank har gjeve oss heile 1 million kroner i ålmenn gåve til prosjektet! Dette er truleg den største gåva idrettslaget har fått nokon gong, tusen takk!

Seimen AS på si side sponsar oss med 300 000kr, i tillegg til at dei har sørga for gode prisar på prosjektet. Dette gjev oss ein finansiell tryggleik til å setje i gang med bygginga. 

Når det er sagt så treng me framleis meir midlar inn for å redusere lånegraden mest mogleg og me lyt også jobba for å auke driftsinntektene til laget samla sett for å sikre ei forsvarleg og god drift framover. Me lyt også ta høgde for at det på sikt må gjerast andre store investeringar, som til dømes byte til nytt miljøvenleg banedekke på Sundve. Hovudstyret kjem til å jobbe aktivt framover for å få til dette, mellom anna med å opprette spleis og kontakte bedrifter ang. sponsing. Me vil gjere det me kan for å halde foreldrekostnaden så låg som mogleg.