Allidrett
Cupkampen mot Fyllingen blir TV-sendt!
Forfatter: Isak Hommedal
31. mars 2025
Forside
fotball
BT.no sender 1.runde i Ballspark-cupen direkte frå Seimen-bana
Etter publikumsrekord og god stemning i fjor, kjem Bergens Tidende og Ballspark-gjengen no attende til Sundve.
23.April klokka 19:30 er tida inne for nok eit cupdrama på kunstgraset. Ekstra stas er det at motstander er Fyllingen. I 1990 spelte dei NM-finale mot Rosenborg, medan det i 2025 vert 1.runde i Ballspark-Cupen mot oss. I fylgje Knut Høibraaten i BT skal dei slå oss enkelt, men cup er cup. Me skal prøva å bita godt i frå oss!
Me håpar mange tek turen den 23.April. Det vert open kiosk, sal av supportar-effektar og generelt god stemning. Litt begrensa parkeringsplassar på skulen, så me vil gjerne oppmoda om å samkøyra.
Vel møtt og heia Eldar!