Avtale om bygging av klubbhus signert!
Forfatter: Isak Hommedal
03. desember 2025
Seimen AS skal byggja klubbhuset
Seimen AS har vore hovudsponsor og ein viktig samareidspartnar i mange år. Dei vert også med på laget når me no skal byggja klubbhus. Dagleg leiar Eirik har sjølv gitt oss god rettleiing og hjelp gjennom heile prosessen og no er me utruleg glade for å formelt kunne signere avtale om bygging. Prosjektet har ei totalramme på 4.8 millionar (eks.mva) og byggestart blir allereie til våren!
Seimen har ikkje berre støtta oss med rettleiing, me får også raus økonomisk støtte. Dei gjev oss 300 000kr i støtte til prosjektet, i tillegg til omlag 500 000kr i rabatterte prisar. Heilt enormt, tusen takk!
Med stor støtte frå både Voss Sparebank og Seimen føler me oss trygge på at me kjem til å kome i mål med finansieringa, men det trengst framleis meir midlar inn til innkjøp av t.d. inventar osv, så me nyttar anledninga til å minne om spleisen vår. https://www.spleis.no/project/461110
Om du har ei lita eller stor bedrift, så ynskjer me gjerne å få på plass fleire sponsorar. Ta kontakt på [email protected] så lagar me ei sponsorpakke tilpassa di bedrift.
Til slutt vil me gjerne oppmode alle våre medlem og strendingar elles om å ta jolahandelen på Vinjo i år. Hjå Seimen finn du alt du treng innan byggevare og mykje anna som trengst i heimen. Og har du eit byggeprosjekt på gang, gjer som oss og snakk med Eirik.