[email protected]


Logo
Bli medlem
Idrettar
Custom image

Tennis

Eldar har førebels ikkje ei eiga tennisgruppe, men ein liten gjeng arbeider for å utvikla tennisaktiviteten på Framnes og skapa eit aktivt tennismiljø på Vossestrand.

Bruk av tennisbana

Tennisbana er open for alle og gratis å bruka. Me har inga bookingordning, så er bana ledig, er det berre å spela.

Me oppmodar alle til å kosta bana etter bruk og sørgja for at linjene ligg rett før dei går.

Custom image

Strandameisterskapet i tennis

Laurdag 10. oktober 2026 arrangerte Eldar Strandmeisterskapet for fyrste gong sidan 1999.

Hilde Skjervheim vann kvinneklassen, medan Jon Håkon Anthun vann herreklassen. Målet er å gjera meisterskapet til ei årleg avslutning på tennissesongen.

Kontakt

Leiar - Jon Håkon Anthun

Telefon: 907 50 137